Forsikringsselskap kan påleggje forsikra å gjennomføre inngrep for å sikre at tapsavgrensingsplikta vert vareteke

Høgsterett har i ein ny dom klargjort grensene for kva tiltak ein forsikra person kan påleggjast for å avgrense forsikringsselskapet sitt ansvar.

HR-2021-1338-A gjaldt utbetaling av erstatning i samsvar med ein avtale om lisensforsikring. Tvistepunktet var om eit forsikringsselskap med heimel i forsikringsavtalelova § 13-12, kunne nekte å utbetale erstatning til ein forsikra flygar som ikkje ville gjennomføre eit kirurgisk inngrep.

Etter forsikringsavtalelova § 13-12 første ledd kan forsikringsselskap pålegge den forsikra å gjennomføre tiltak som «åpenbart vil begrense omfanget av selskapets ansvar». Den forsikra pliktar likevel ikkje å følgje eit pålegg som utgjer «et urimelig inngrep i friheten til å råde over sin person».

Bakgrunnen for saka

Flygaren fekk i oktober 2015 påvist ein omkring 1 cm stor gallestein. Denne førte til sterke magesmerter i form av gallesteinsanfall. Flygaren vart difor samanhengande sjukemeld frå november 2015.

I februar 2017 vart legeattesten som låg til grunn for flysertifikatet, kalla tilbake av flylegen med grunnlag i sjukdommen.

Flygaren søkte då om erstatning gjennom ein såkalla «lisensforsikring» som var teikna av arbeidsgjevaren hans. Forsikringa skulle dekke tilfelle der flygaren mista flysertifikatet fordi legeattesten var «varig tapt».

Forsikringselskapet avslo forsikringsdekning og viste til at flygaren ikkje var ramma av «varig sjukdom». Selskapet meinte at flygaren ville få tilbake legeattesten, og dermed også flysertifikatet, dersom han gjennomførte ein gallesteinsoperasjon. Dette ville igjen medføre at ansvaret deira ville falle bort.

Flygaren på si side ønskte ikkje å gjennomføre ein operasjon, og meinte at eit slikt pålegg var «et urimelig inngrep i friheten» hans til å råde over eigen person. Han hadde motvilje mot å fjerne eit organ frå kroppen, var redd for å bli lagt i narkose og frykta uventa og til dels alvorlege komplikasjonar ved operasjonen. Til sist viste flygaren til at han levde fint med plagene som var relativt få og moderate.

Høgsterett sitt syn på saka

Forsikringsselskapet fekk medhald av Høgsterett i at ansvaret deira ville falle bort dersom flygaren gjennomførte operasjonen. Vidare kom retten til at eit pålegg til flygaren om å gjennomføre operasjonen, ikkje utgjorde eit urimeleg inngrep i fridomen til å råde over eigen person.

Retten meinte at fryktene til flygaren ikkje var tilstrekkeleg sannsynleggjort og ikkje hadde nok styrke til å bli tillagt særleg vekt. Det vart tvert i mot vektlagt av Høgsterett at kroppen ville fungere fint utan galleblære i dei fleste tilfella, og at følgene var moderate dersom den ikkje gjorde det.

Vidare vart det lagt vekt på at inngrepet var ein rutineoperasjon som vart gjennomført med kikholsteknikk. Operasjonen vart ikkje rekna for å vere særleg omfattande, og påførte heller ikkje flygaren særlege belastningar. Det var også sannsynleg at operasjonen vart vellukka, med liten reell risiko for varige komplikasjonar. Flygaren si frykt for operasjonen måtte dermed vore underbygd nærare dersom den skulle kunne vektleggjast.

Samlet sett utsettes A for enkelte belastninger ved å gjennomgå en gallesteinsoperasjon.
Men jeg mener disse ikke er så tyngende for ham i hans situasjon at det i denne
sammenheng vil være urimelig å pålegge ham tiltaket. Operasjonen er ikke spesielt
omfattende og påfører ham ikke særlige belastninger i hans individuelle situasjon.

Paragrafens andre ledd heimlar at dersom den forsikra forsettleg eller grovt aktlaust let vere å følgje eit pålegg han eller ho pliktar å etterkome, «kan selskapets ansvar settes ned eller falle bort». I denne saka kom Høgsterett til at forsikringsselskapet sitt ansvar skulle bortfalla heilt.

Høgsterett viste til at flygaren forsettleg hadde unnlate å følgje eit pålegg om å gjennomføre operasjon, som han etter lova var forplikta til å følgje. Ifølgje forsikringsavtalelova skulle den forsikra i desse tilfella bli stilt som om han hadde følgt pålegget. Sidan Høgsterett meinte at forsikringsselskapet sitt ansvar hadde falle bort dersom pålegget vart følgt, måtte resultatet bli det same når han ikkje følgde pålegget.

Slik jeg ser det, må utgangspunktet være at forsikrede stilles som om han hadde fulgt det
pålegget han etter § 13-12 første ledd er forpliktet til å følge. I dette tilfellet ville selskapets
ansvar bortfalt helt dersom A hadde fulgt pålegget. Da må resultatet bli det samme når han
ikke har gjort det.

Dommen fastset at forsikringsselskap kan påleggje den forsikra å gjennomføre relativt omfattande inngrep for å sikre at tapsavgrensingsplikta vert vareteke. Terskelen for når forsikringsselskapet må utbetale erstatning er dermed lagt forholdsvis høgt i desse tilfella.

Relaterte saker

Publisert: 19. mars 2023

Kvinnovasjonssamling hos Eurojuris Haugesund

Selv om det har vært en positiv utvikling, er det fortsatt arbeid å gjøre for å øke antall kvinnelige styremedlemmer i mindre selskaper og i andre bransjer enn de mest tradisjonelle. Det er også viktig å fortsette arbeidet med å rekruttere og utvikle kvinnelige ledere, slik at flere kvinner blir kvalifiserte til å ta på […]

Publisert: 8. mars 2023

Gratulerer med Kvinnedagen

Så langt har ingen land i verden oppnådd full likestilling, selv om temaet har stått på agendaen i mer enn 100 år. Fortsatt opplever mange kvinner og jenter diskriminering basert på kjønn, bl.a. knyttet til manglende rett til utdanning og helsetjenester, vold i hjemmet, tvangs­ekteskap, kjønnslemlestelse og menneske­handel. Kvinner har dessuten i snitt lavere lønn […]

Publisert: 9. januar 2023

«Hjalp svigermor med nettbanken – fikk beskjed om at det ikke var greit»

Med en stadig mer digital hverdag er problemstillingen som tas opp i artikkelen til NRK noe de fleste av oss kan kjenne oss igjen i.  Behovet for å ha det formelle i orden før man hjelper eldre slektninger eller bekjente via digitale ordninger er viktig. Løsningen på dilemmaet er i de aller fleste tilfeller en […]

Publisert: 3. januar 2023

Regelendring med stor betydning for entreprenørene

  Ved gjennomføringen av større eller mindre byggeprosjekter, kan det ofte oppstå konflikter eller uenighet mellom entreprenør og byggherre. Dette vil ofte være ved fastsettelsen av vederlaget, der det kan oppstå spørsmål om hvem som eventuelt skal lastes for tilleggsarbeid, størrelsen eller justering av kontraktssummen og så videre.  I tilfeller hvor oppdragsgiver ikke vil betale […]

Publisert: 28. november 2022

Kommunal vei gjøres privat