Ny Høgsterettsdom om eigedomsretten til luftrommet over egen eigendom

Den 16. mai avsa Høgsterett dom i ei prinsipielt interessant sak om grunneigars eigedomsrett til luftrommet over egen eigendom.

Bakgrunn for saka var at det i 2019 vart opna ein heilårleg gondolbane frå Voss jernbanestasjon til fjellet Hanguren.  I tillegg til innmark, strekker bana seg over eit bustadområde der høgda mellom husa og banen varierer mellom 10 og 60 meter. På det hyppigaste passerer gondolbanen eigedommane kvart 42. sekund.

I 2020 gjekk grunneigarane som har banen gåande over seg, til sak mot Voss Gondol med krav om erstatning.  I tillegg til at gondolane skugga over delar av uteareala på eigedommane ved passering, opplevde eigarane også at banen førte til nedfall i form av smørfeitt, rust, og is vinterstid.  I både tingretten og lagmannsretten fekk grunneigarane medhald i at eigedomsretten deira var krenka og vart tilkjend erstatning.  No har grunneigarane også fått medhald i Høgsterett.

Eigedomsretten sine grenser i luftrommet over grunnen (oppover) er ikkje direkte heimla i noko lov.  I meir enn hundre år har det likevel vore føresett i ulike lover, og andre rettskjelder, at eigedomsretten også omfattar delar av luftrommet over ein eigedom.   No har altså Høgsterett tatt stilling til kor langt eigedomsretten skal strekke seg oppover i luftrommet.  Høgsterett har rett nok ikkje fastsett eigedomsretten til ein bestemt høgde i meter, og den er heller ikkje uavgrensa.  Det Høgsterett har sagt er at det avgjerande er kor høgt grunneigaren har interesse i å nytte sin eigen eigedom, ut frå framtidig utvikling og moglegheiter.  Dette medfører at ein grunneigar kan nekte gjennomføring av visse aktivitetar der eigaren har ei rettkomen og sakleg interesse i dette.

I dommen blir det mellom anna uttalt at:

Eiendomsretten strekker seg videre så langt som grunneieren etter en objektiv vurdering har en berettiget og saklig interesse i å nekte aktivitet eller tiltak over egen grunn. I praksis innebærer dette at det ikke kan plasseres permanente innretninger innenfor dette området, uten at det foreligger vedtak om ekspropriasjon eller er inngått avtale med grunneieren.

Grunneigarar kan dermed motsetje seg føring av leidningar, taubanar mv. opp til vanleg høgde for slike innretningar.  For grunneigarane på Voss innebar dette ei stadfesting av at gondolbanen krenka deira eigedomsrett, og dei fekk fullt medhald i Høgsterett.

Dommen kan lesast her.  Har du elles spørsmål eller kommentarar knytt til domen eller problemstillinga, kan du rette desse til advokat Iselin Landa Osmo.

Relaterte saker

Publisert: 16. september 2024

Klar for Ung i Næring H2024?

Sammen med våre gode samarbeidspartnere Næringsforeningen Haugalandet, Maritimt Forum Haugalandet og YoungShip Haugalandet arrangerer vi @Ung i Næring i Advokatfirmaet Eurojuris Haugesund AS sine kontorer i Haugesund den 24. oktober. Meld deg på før det blir fullt via denne lenken: https://lnkd.in/dsr5nWEM #UngiNæring #MaritimtForum #YoungShip Eurojuris International Eurojuris Norge

Publisert: 16. juni 2024

Advokat Eike prosederer sak om likebehandlingsprinsippet i vikarbyrådirektivet for Høyesterett

Saken gjelder en anke til Høyesterett over Gulating lagmannsretts dom 6. februar 2024, og saken gjelder lønnskrav fra arbeidstakere i et bemanningsforetak.  Det rettslige spørsmålet er om likebehandlingsprinsippet i arbeidsmiljøloven § 14-12 a kommer til anvendelse for arbeid som utleid til innleieselskaper med virksomhet på flerbruksfartøyer i offshorenæringen eller om arbeidsforholdet er omfattet av skipsarbeidsloven […]