Ny openheitslov – kva betyr det for norske bedrifter?

Openheitslova, eller «lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneske-rettigheter og anstendige arbeidsforhold», trer i kraft 1. juli 2022.

Ta kontakt med advokat Iselin Landa Osmo via +47 52701030 / +47 94375750 eller via iselin.landa.osmo@eurojuris.no om du har spørsmål eller behov for bistand knytt til dette.

Formålet med lova

Hovudformålet med lova er å få verksemder til å arbeide for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester, i tillegg til å sikre allmenta tilgang til informasjon om dette.  Lova gjeld i utgangspunktet berre for større verksemder som definert i reknskapslova § 1-5, eller som på balansedagen oppfyller to av følgjande kriterium:

  • Salsinntekt på over 70 millionar kroner
  • Balansesum på over 35 millionar kroner
  • Gjennomsnittleg tal på tilsette i rekneskapsåret er over 50

Likevel kan også mindre verksemder bli påverka. Dette gjeld særleg for verksemder som er leverandørar til større verksemder, og som kan møte krav om å leve opp til dei same standardane.

Aktsemdsvurderingane i lova

Kjernen i lova er plikta til å utføre aktsemdsvurderingar.

Desse vurderingane skal sørge for at verksemda blir bevisst på ansvaret den har, og kva påverknad verksemda har på at menneskerettane blir respektert og at anstendige arbeidsforhold blir sikra, både internt, i leverandørkjeder og hos eventuelle andre forretningspartnarar.

Vidare skal aktsemdsvurderingane sikre at verksemda set i verk tiltak for å redusere faktisk eller mogleg negativ påverknad, og følgjer med på om tiltaka verkar.  Verksemda får også plikt til å rette opp dersom skada allereie er skjedd.

Med openheitslova blir alle verksemder som er omfatta av lova, no pålagde å gjere slike vurderingar. Vurderingane skal gjennomførast jamleg, og stå i forhold til størrelsen på verksemda, arta og konteksten verksemda arbeider innanfor. Både arbeidet med å analysere risiko og tiltaka etter eventuelle funn skal vere lett tilgjengelege for offentlegheita.

Kva bør verksemda gjere no?

Allereie før lova trer i kraft bør verksemda førebu seg på lova. Det kan gjerast ved å:

  • Introdusere openheitslova som eiga sak på styremøtet
    • Det kan t.d. fattast vedtak om at selskapet skal drivast ansvarleg ved at menneskerettane blir respektert og anstendige arbeidsforhold vert sikra, og lagast retningsliner for selskapet
  • Få oversikt over og skrive ned leverandørkjeder og eventuelle andre forretningspartnarar
  • Analysere på eit overordna nivå risiko for menneskerettsbrot i tilknyting til dei ulike leverandørane
  • Få prioritert vidare arbeid på ei liste i samsvar med risiko, og starte arbeidet
  • Dele informasjon om kva arbeid som blir gjort for å sikre oppfylling av openheitslova

Kva må verksemda gjere for å følgje lova?

Styret må først fatte vedtak om at selskapet skal drive ansvarleg når det gjeld menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Deretter må risikoen for at nokon i leverandørkjeda kan bidra til menneskerettsbrot mv. analyserast. Dersom analysane viser liten risiko, er det ikkje nødvendig å iverksette særlege tiltak. Dersom analysane viser risiko, må selskapet iverksette tiltak for å motverke bidraget til menneskerettsbrot og brot på anstendige arbeidsvilkår.

Med den nye lova har alle rett til å be om informasjon om kva verksemda gjer for å sikre at menneskerettane blir respektert og anstendige arbeidsforhold blir sikra. Verksemda har då ein frist på tre veker for å svare skriftleg, dekkande og forståeleg til den som spør.

Offentleg tilsyn, rettleiing og sanksjon

Forbrukartilsynet blir tilsynsmyndigheit for lova, og har ansvar for rettleiing og å eventuelt sanksjonere ved brot.

Relaterte saker

Publisert: 16. juni 2024

Advokat Eike prosederer sak om likebehandlingsprinsippet i vikarbyrådirektivet for Høyesterett

Saken gjelder en anke til Høyesterett over Gulating lagmannsretts dom 6. februar 2024, og saken gjelder lønnskrav fra arbeidstakere i et bemanningsforetak.  Det rettslige spørsmålet er om likebehandlingsprinsippet i arbeidsmiljøloven § 14-12 a kommer til anvendelse for arbeid som utleid til innleieselskaper med virksomhet på flerbruksfartøyer i offshorenæringen eller om arbeidsforholdet er omfattet av skipsarbeidsloven […]